Bygg1 Produkter AS – Dører, innerdører, karmer, formpressa - logo

Garanti

Felles for alle våre produkt:

Mottakar pliktar å anmerke transportskadar på fraktbrevet ved mottak.
Dersom dette ikkje er følgt opp av mottakar, vert skaden ikkje erstatta av
Bygg 1 eller transportør – NS 3409.

For at garantien skal gjelde, må produkta vere monterte fagmessig og
Bygg 1 sine vedlikehaldsråd følgde. Det er 2 års garanti mot fabrikasjonsfeil,
vennligst gi beskjed snarast ved manglar på produkta.

Dersom man finn feil eller manglar før montering skal man ikkje montere
eller ta i bruk produktet. Dersom produktet er montert og tatt i bruk, vert
dette å regne som at produktets utføring og overflate er akseptert.

Dørblad skal lagrast liggande. Garantien gjeld ikkje dersom
produktet er handtert, montert eller oppbevart på ein uforsvarlig
måte, eller i eit klima som ikkje var tiltenkt det aktuelle produktet.

Låssystem
Trioving er leverandør til våre ytterdører. Ved problem med låssystem,
kontakt: helpdesk@trioving.no – eller på telefon 69 24 53 93

 

Velg produktgruppe under for spesielle vilkår for kvar gruppe.

Innerdører
  • To års garanti mot fabrikasjonsfeil, dersom monterings- og vedlikehaldsråd er følgde.
  • Innerdører er ikkje konstruerte for å tole store endringar/ forskjellar i fukt eller temperatur. Dersom dørene slår seg som eit resultat av dette, gjeld ikkje garantien.
  • Grensa for planavvik på dørblad er 4mm, målt på døra si langside, i samsvar med til NS3141/SS871303. Det er ikkje grunnlag for reklamasjon dersom avviket er mindre enn dette.
Ytterdører
  • Ti år formgaranti mot spenn i dørbladet
  • To år fabrikkgaranti på beslag, maling og liming
  • Ti år glasgaranti mot kondensering

Det er ikkje garanti på innoverslåande dører eller dør montert i fasade
utan delvis beskyttande tak.

Dersom det vert hakk eller sår i malinga, må det umiddelbart malast
over for å hindre fukt å treng inn i dørbladet.

Grensa for planavvik på dørblad er 4mm, målt på døra si langside,
i samsvar med til NS3141/SS871303. Det er ikkje grunnlag for
reklamasjon dersom avviket er mindre enn dette.

Hytte og boddører
  • Ti år formgaranti mot spenn i dørbladet
  • To år fabrikkgaranti på beslag, maling og liming
  • Ti år glasgaranti mot kondensering

Dør og karm vert levert ubehandla og må behandlast før bruk.

NB! Dørene skal behandlast likt på begge sider, og på alle fire kantar.
Sjå vedlikehold for meir informasjon.

Ramtredører vert naturleg påverka av store svingingar i
temperatur og fuktighet. Noko rørsle/vridning kan då skje.

Grensa for planavvik på dørblad er 4mm, målt på døra si langside,
i samsvar med til NS3141/SS871303. Det er ikkje grunnlag
for reklamasjon dersom avviket er mindre enn dette.