Vi er takksame for å nok ein gong bli kåra til Årets Leverandør i både XL-BYGG og Byggtorget/Byggeriet!
Med over 200 medlemsbedrifter i desse kjedene, er det ei stor ære å bli stemt fram av dei som vi jobbar tett saman med kvar dag.
🏆 XL-BYGG: 6. gong på rad!
🏆 Byggtorget: 4. gong på rad!
Kva gjer oss til Årets Leverandør?
Medlemsbedriftene trekkjer spesielt fram logistikk, reklamasjonshandtering og service som våre største styrkar.
At vi leverer varene presist, handterer utfordringar raskt og alltid set kundane først, er noko vi jobbar målretta med – og det er fantastisk å få anerkjenning for det!
Vi veit at eit godt samarbeid med både kundane våre og kjedene sentralt er heilt avgjerande for å lykkast.
Denne prisen er eit resultat av det sterke samspelet vi har med våre partnarar i bransjen.
Ein stor takk!
Vi ønskjer å rette ein stor takk til alle som har stemt på oss og alle som jobbar saman med oss kvar dag for å skape ei sterk og effektiv verdikjede.
Dette motiverer oss til å fortsette å utvikle oss, levere produkt og service av høgaste kvalitet.
Vi gler oss til vidare samarbeid – alltid med kunden i fokus! 🚪🤝