Bygg1 Produkter AS – Dører, innerdører, karmer, formpressa - logo

Årets leverandør!

Medlemane i byggevare- og huskjeda Byggfag har røysta fram Bygg 1 Produkter AS som årets leverandør for 2017!

Prisen vart overrekt laurdag 7. april under Byggfag si årlege samling, som denne gongen vart arrangert i Trondheim. Dette er andre gong Bygg1 har vunne denne kåringa i Byggfag. Førre gong var i 2013.

Vi i Bygg 1 set stor pris på utmerkinga. Det er utruleg kjekt at ei relativt lita bedrift kan hevde seg i konkurranse med kjende og store merkevarer. Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden. God logistikk og service er heilt avgjerande for å lykkast. Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å utvikle god service i alle ledd.

Link til omtale på bygg.no

Link til omtale i avisa Møre-Nytt