Bygg 1 Produkter AS - logo

Årets leverandør 2024 i Nordbohus!

Bygg 1 Produkter AS er stolte over å ha blitt kåra til Årets beste leverandør for 2024 i bustadkjeda Nordbohus. Dette er andre gong vi får denne ærefulle prisen, etter å ha vunne sist i 2022.

I grunngjevinga blir rask behandling, punktlege leveransar, tydeleg nærvær, og god oppfølging av reklamasjonar lyfta fram som nøkkelfaktorar. Det er aldri lang fra utfordring til løysing, som skaper tryggheit ute på byggeplass. Saman med høg kvalitet på både produkt og tenester.

Prisen går til ein samarbeidspartnar som verkeleg har levert på alle nivå, og vi i Bygg1 er audmjuke og takksame for den anerkjenninga vi har fått. Nordbohus trekkjer fram vår solide, ryddige og serviceinnstilte leveranse, som gjer kvardagen enklare for både forhandlarar og handverkarar i heile kjeda.

Dette er ei stadfesting på den innsatsen våre tilsette legg ned kvar dag for å sikre kvalitet, service og leveringsdyktigheit. Vi vil rette ein stor takk til Nordbohus for tilliten – og vi gler oss til å vidareutvikle samarbeidet i åra som kjem!