Bygg1 Produkter AS – Dører, innerdører, karmer, formpressa - logo

Årets leverandør!

Medlemane i huskjeda Hellvik Hus har røysta fram Bygg 1 Produkter AS som årets leverandør i 2018!

Dette er fjerde gong Bygg1 har vunne denne kåringa i Hellvik Hus! Tidlegare prisar vart motteke i 2011, 2014 og 2015.

Årets pris vart overrekt onsdag 12. september under Hellvik Hus si årlege kjedeleiarsamling, som denne gongen vart arrangert i Stavanger.
I grunngjevinga frå Hellvik Hus står det:
– Flotte produkter
– Svært gode på oppfølging
– Gode rutiner på reklamasjonsoppfølging
– Aktiv medspelar til kjedekontoret

Vi i Bygg1 set umåteleg stor pris på utmerkinga! Det er stort at vi hevdar oss så godt i konkurranse med meir kjende og store merkevarer. Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden. Godt samspel med kundane og kjedene sentralt, samt god logistikk og service er heilt avgjerande for å lykkast.

Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å utvikle god service i alle ledd!

 

Sjå artikkel i Møre-Nytt