Bygg 1 Produkter AS - logo

Årets leverandør i Hellvik Hus!

Medlemmane i den landsdekkande huskjeda Hellvik Hus har røysta fram Bygg 1 Produkter AS som årets leverandør for 2015.

Hellvik Hus er ei landsdekkande huskjede med totalt 27 salskontor i store delar av Norge. Som ei av landets eldste ferdighusprodusentar, har dei opplevd marknadens opp- og nedturar gjennom dei siste 60 åra. Nøkkelen til suksess er ikkje berre eit hus som held høg kvalitet. Kvaliteten må også speglast i rolla som god rådgjevar og prosjektleiar. Deira motto er: Bygg med glede!

Prisen vart overrekt onsdag 09. september under Hellvik Hus si årlege samling, som denne gongen vart arrangert i Røros.
Dette er tredje gong Bygg1 har vunne denne kåringa i Hellvik Hus. Førre gong var i 2011 og 2014.

Dette er ein pris vi vinn i kamp mot anerkjente leverandørar som: Byggma, Swedoor, Glava, Icopal, Isola, Nordan osb.
Slike utmerkingar set vi sjølvsagt svært høgt, og det er kjekt å få gode tilbakemeldingar på jobben vi gjer. Vi får ein god attest for meir enn å levere gode produkt, det er heile organisasjonen som får eit klapp på skuldra.

I grunngjevinga skriv medlemmane i Hellvik Hus følgjande om Bygg1:
“Ein leverandør som er effektiv, har gode rutinar, svært bra oppfølging, rask levering og stort vareutval.
Ein svært positiv og aktiv bidragsyter til kjeda.”

 

Pris Hellvik hus

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På bildet ser vi frå venstre: Paulfrid Heggestad frå Hellvik Hus, Egil Skar og Jan Runar Holsvik frå Bygg1 og Mikal Stapnes frå Hellvik Hus