Bygg 1 Produkter AS vart kåra til årets leverandør for 2024 i byggevarekjeda Byggfag!
Det er medlemmene i kjeda som stemmer fram den beste leverandøren, og det er 4. gong vi har vunne denne kåringa.
Det som vert framheva er:
- God på ordrebehandling og logistikk
- God oppfølging av distriktsansvarlege
- God problemløysar
- Stiller velvillig opp på kjedens arrangement
Vi i Bygg 1 set stor pris på utmerkinga. Det er sterkt at vi hevdar oss så godt i konkurranse med langt større merkevarer i byggevarebransjen. Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å levere god service i alle ledd, alltid med kunden i fokus!