Bygg1 vart kåra til årets leverandør for 2018 i byggevarekjeda Byggfag.
Det er medlemmene i kjeda som stemmer fram den beste leverandøren og det er tredje gong vi har vunne denne kåringa.
Vi i Bygg 1 set stor pris på utmerkinga. Det er sterkt at vi hevdar oss så godt i konkurranse med langt større merkevarer i byggevarebransjen. Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å levere god service i alle ledd.
Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden.
God logistikk og service er også heilt avgjerande for å lykkast.
Sjå også artikkel om Bygg1 i Møre-Nytt