Medlemmene i huskjeda Byggmann har røysta fram Bygg 1 Produkter AS som årets leverandør for 2018.
Prisen vart overrekt laurdag 16. mars under Byggmann si årlege samling i Ålesund. Dette er tredje gong Bygg1 har vunne denne kåringa i Byggmann. Tidlegare prisar var i 2013 og 2015.
Vi har hatt avtale med Byggmann heilt sidan 2002, og vi har eit godt samarbeid med kjeda og deira medlemmar. Vi i Bygg 1 set stor pris på utmerkinga. Det er sterkt at vi hevdar oss så godt i konkurranse med langt større merkevarer i byggevarebransjen. Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å levere god service i alle ledd.
Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden.
God logistikk og service er også heilt avgjerande for å lykkast.
Sjå også artikkel i Møre-Nytt: https://www.morenytt.no/nyheiter/2019/03/18/Nok-ein-gong-Bygg1-%C3%A5rets-leverand%C3%B8r-18680236.ece