Bygg 1 Produkter AS - logo

Årets leverandør til Byggmann!

Medlemmane i huskjeda Byggmann har røysta fram Bygg 1 Produkter AS som årets leverandør for 2015.

Prisen vart overrekt laurdag 16. april under Byggmann Gruppen si årlege samling, som denne gongen vart arrangert på Holmenkollen Park i Oslo. Dette er andre gong Bygg1 har vunne denne kåringa i Byggmann Gruppen. Førre gong var i 2013. Denne gongen vart det delt seier med Motek AS.

I grunngjevinga står følgjande:
«Årets leverandør, som kåres av medlemmene og går til leverandører som over lang tid har vist stabil vekst i sine leveranser til kjeden, god kvalitet på sine produkter og holdt en høy servicegrad til medlemmene. I år ble det meget tett i toppen, så tett at det til slutt endte med delt seier mellom Motek AS og Bygg1 Produkter AS.

– Begge har i en årrekke hatt en høy standing blant medemmene, og fortsetter bare å øke i popularitet»

Vi i Bygg 1 set stor pris på utmerkinga.
Det er utruleg kjekt at ei relativt lita bedrift kan hevde seg i konkurranse med store merkevarer som Glava, Icopal, Swedoor, Nordan osb. Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden. God logistikk og service er også heilt avgjerande for å lykkast. Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å levere god service i alle ledd.

Fra venstre: Kjetil Brune Gjertsen, Kristian Ose Silseth og Jon Anders Dyrkorn

Fra venstre: Kjetil Brune Gjertsen, Kristian Ose Silseth og Jon Anders Dyrkorn

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjå også omtale frå Byggmann-dagene på bygg.no: http://www.bygg.no/article/1272634