Bygg1 Produkter AS - logo

Årets leverandør til Hellvik Hus!

Forhandlarane i huskjeda Hellvik Hus har nok ein gong røysta fram Bygg 1 Produkter AS som beste leverandør!

Dette er sjuande gong Bygg1 har vunne denne kåringa hos Hellvik Hus!
Tidlegare kåringar var i 2011, 2014, 2015, 2018, 2019 og 2021! Årets pris vart overrekt tirsdag 21. november under Hellvik Hus si årlege kjedeleiarsamling.

I grunngjevinga frå Hellvik Hus står det:
– Er pålitelige
– Er svært gode på oppfølging
– Har gode rutiner på reklamasjonsoppfølging
– Er en aktiv medspiller til kjedekontoret

Vi i Bygg1 set pris på utmerkinga! Det viser at vi hevdar oss godt i konkurranse med meir kjende og større merkevarer. Godt samspel med kundane og kjedene sentralt, samt god logistikk og service er heilt avgjerande for å lykkast.

Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og er eit besvi på at vi gjer noko rett. Vi kjem til å jobbe vidare med å utvikle god service og alltid ha kunden i fokus!