Vi må jobbe kontinuerleg med NOBB for å lukkast
NOBB står for Norsk Byggevarebase og er ei nasjonal produktdatabase for byggevarer i Noreg.
Basen bidreg til digitalisering og modernisering av byggenæringa, gjer den meir bærekraftig og konkurransedyktig, samtidig som bransjen møter stadig meir komplekse krav og utfordringar.
For oss som er leverandørar i byggenæringa, er det avgjerande å halde produktinformasjonen vår i NOBB oppdatert. Ved å jobbe systematisk med oppdateringar og kvalitetssikring, sørgjer vi for at kundane våre får rett informasjon –
noko som gir færre feil, betre sal og høgare effektivitet.
Vi har eit ansvar for at produktdata, bilete, dokument og prisar er riktige og oppdaterte. Dette krev rutinar og tett samarbeid mellom fleire avdelingar i verksemda. Når vi prioriterer dette arbeidet, gjer vi kvardagen enklare både for oss sjølve og for dei som skal bruke produkta våre – frå prosjekterande til butikktilsette og sluttkundar. Mange i verdikjeda er heilt avhengige av at informasjonen der er presis og fullstendig.
NOBB er ikkje berre ein database, men eit verktøy for betre samhandling i byggenæringa. Difor må vi sjå på arbeidet med NOBB som ein integrert del av forretningsdrifta, ikkje som eit eingongsprosjekt.
Les artikkel på Byggtjeneste HER