Bygg1 Produkter AS - logo

Bygg1 svingar seg med!

Årets julegåve på kr. 30.000,- går til utvikling av Ørsta Skisenter.

 

Bygg 1 Produkter AS har allereie ein sponsoravtale med Ørsta Skisenter, som no er fornya med tre nye år. Etter oppmoding frå O. Øvstegård AS og Berge & CO, kjem det i år ei ekstra julegåve på kr. 30.000,-!


Bygg1 ser på Ørsta Skisenter som eit svært viktig fritidstilbod for heile regionen. Det er avgjerande for vinteridretten men også eit fantastisk helsebringande trivselstilbod for alle i alle aldrar. Det er ein arena for heile familien, store og små som saman kan ha det kjekt i tilrettelagte område.

Kort veg frå alle bygdene i Ørsta og nabokommunane, gjer det framtidsretta for miljøet å satse på utvikling av eit større lokalt anlegg nært kommunesentra i Ørsta og Volda.

Vi håper at vårt bidrag kan nyttast til utvikling av anlegget, for å sikre antal driftsdagar og satse på heilårsdrift.