Bygg 1 Produkter AS - logo

Vi har signert Grønnvaskingsplakaten!

Vi er stolte av å kunngjere at vi har signert Grønnvaskingsplakaten! Dette er eit viktig steg inn i det grøne skiftet, og noko som forpliktar oss til openheit og samfunnsansvar kring berekraft, klima og miljø.

Kva er Grønnvaskingsplakaten?

Grønnvaskingsplakaten er eit initiativ lansert av Skift i samarbeid med Miljøstiftelsen Zero, med innspel frå Verdens Naturfond (WWF) og Fremtiden i våre hender. Den er utforma for å sikre at bedrifter kommuniserer sitt berekraftsarbeid på ein ærleg og open måte, utan å overdrive eller villeie. Grønvasking vil seie å framstille produkt, tenester eller verksemda som meir miljøvennlege enn dei faktisk er.

10 prinsipp for god kommunikasjon

Ved å signere Grønnvaskingsplakaten har vi forplikta oss til å:

  1. Vere ærleg og etterretteleg.
  2. Passe på at berekraftsarbeidet ikkje berre skjer i kommunikasjons- og marknadsavdelinga.
  3. Vere varsame med å snakke om viktigheita av berekraft, natur, klima, menneskeverd og etisk handel, dersom ein ikkje sjølv har teke reelle grep.
  4. Unngå å tåkelegge eigne utslepp og negative avtrykk på klima, natur og menneske.
  5. Vere varsam med å bruke ein stor del av marknadsbudsjettet på små tiltak som ikkje gjer noko med det vesentlege fotavtrykket.
  6. Unngå å kjøpe god samvit gjennom klimakvoter eller ved å la andre plukke plast.
  7. Bruk dei etablerte merkeordningane, eller jobb for å etablere gode merkeordningar på tvers av di bransje dersom det manglar.
  8. Ver forsiktig med uttrykk som «betre for klima», «betre for naturen», «betre for miljøet» osv.
  9. Vere varsam med å marknadsføre verksemda berre på berekraftsmål ho er god på.
  10. Vere forsiktig med å bruke donasjon og sponsorar som prov på at du jobbar med berekraft.

Bli med i fellesskapet!

Vi håpar at denne kunngjeringa vil bli godt motteken, og at den inspirerer fleire i bransjen til å ta liknande steg mot ein meir berekraftig og open forretningspraksis. Les meir om dette her: https://www.gronnvasking.no/