Målprisen 2022 frå Ørsta mållag er tildelt Bygg1 for verdfull verksemd for nynorsk språk!
I grunngjevinga står det mellom anna:
«I dag må nynorsk konkurrere med både bokmål og engelsk, ikkje minst i ulike former for marknadsføring som i aukande grad skjer via nettet. Det er difor ekstra kjekt når ei lokal bedrift nyttar nynorsk i si landsdekkande marknadsføring – både på nettet og i trykte katalogar.
Det krev ei medviten haldning til bruk av målform i marknadsføringa. Prisen er ein heider for det bedrifta har gjort og ikkje minst ei oppmuntring til å halde fram det gode arbeidet.»