Det var med stor sorg vi mottok meldinga om Mikals bortgang. Han sovna inn onsdag 28. desember, etter kort tids sjukdom.
Mikal var medeigar og dyktig styreformann i Bygg 1 Produkter AS i snart 22 år. Vi kjem til å savne dei unike verdiane han sto for, og hans eineståande evne til å sjå dei beste løysingane. Mikal såg alle, og hadde beina godt planta i bakken.
Våre varmaste tankar går til Magnhild og resten av familien.
Du vil bli djupt sakna. Kvil i fred.