Under årsmøtet til bolig- og byggevarekjeda Byggfag i helga, vart Bygg 1 Produkter AS kåra til årets leverandør 2013.
Byggfag AS vart stifta i 1990 og er eigd av medlemmane, som består av 21 byggevareforhandlarar frå Sogn i sør til Smøla i nord.
Kriteria for kåringa er følgjande:
– Ha gjort ein god jobb i løpet av året, gjerne auke i volum
– Konkurransedyktig prisar
– Påliteleg levering
– God på reklamasjonshandtering
– Kompetanse og kvalitet på produkta
Kjeda meiner utmerkinga var vel fortent og dette viser at Bygg 1 Produkter AS gjer ein god jobb som hovudleverandør på dører.
Vi i Bygg 1 set stor pris på utmerkinga.
Det er utruleg kjekt at ei lita bedrift kan hevde oss i konkurranse med store merkevarer som Moelven, Icopal, Diplomat osb. Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden. God logistikk og service er også heilt avgjerande for å lykkast.
Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å levere god service i alle ledd.
Sjå også artikkel på bygg.no: http://www.bygg.no/article/1190971

Prisutdelar var kjedekoordinator Vigdis Vedde Fiskerstrand, flankert av Bygg 1 sine superselgarar Kjetil Gjertsen (venstre) og Thomas Istad.