På XL-BYGG og Byggtorget/Byggeriet si årlege proffmesse vann Bygg1 kåringa for beste leverandør i 2022 for begge kjedene! I Byggtorget/Byggeriet vinn vi denne kåringa for andre år på rad og i XL-BYGG er det heile fire gongar!
Medlemmene hadde følgande kommentarar om Bygg1:
- Dei er best på service, ingen kan måle seg
- Kjapp med tilbakemeldingar, kjapp med levering
- Leverer solid kvar gong med vanvittig kort tidsbruk
- Dyktige, imøtekomande og løysingsorienterte folk
- Ordnar fort opp i feil som blir gjort
Nok ein gong er det god logistikk, oppfølging og service som spesielt vert framheva som Bygg1 si største styrke. Godt samspel med kundane våre og kjeda sentralt er heilt avgjerande for å lykkast.
Vi set stor pris på utmerkinga og skal fortsette å ha kunden i fokus. Tusen takk for alle dei gode tilbakemeldingane og til alle som har stemt på oss!
Sjå også artiklar på bygg.no: Byggeriet/byggtorget og XL-BYGG