Etikk, miljø og berekraft
Bygg 1 Produkter AS skal ta eit aktivt samfunnsansvar og arbeider etter ein høg miljømessige og sosial standard med utgangspunkt i både nasjonale og internasjonale retningslinjer og konvensjonar. Vi er sertifisert som Miljøfyrtårn og PEFC!
11
Berekraftige byar og lokalsamfunn: redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggjar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering. Vi har som mål å redusere vårt klimafotavtrykk ved å ta bærekraftige val.
12
Ansvarleg forbruk og produksjon: redusere avfallsmengda gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk. Vi har fokus på kvalitet og syter for god tilgang på reservedelar og vedlikehaldsprodukt for å forlenge levetida på våre produkt.
15
Livet på land: Som PEFC sertifisert tek vi vare på viktige livsmiljø og fremjar bærekraftig skogsforvaltning. Sertifiseringa stiller krav til alle ledd i verdikjeda, og sørger for sporbarheit heilt tilbake til skogeigar. Dette gir blant anna auka vern av sjeldne og truga arter. Skog som er PEFC sertifisert forvaltast og drivast etter strenge miljømessige, sosiale og økonomiske kriterier.
17
Samarbeid for å nå måla: Fremje eit allment, regelbasert, ope, ikkje-diskriminerande og likeverdig multilateralt handelssystem. Vi samarbeider tett med produsentar, transportselskap og kundar for å oppnå reell miljøeffekt innad i bransjen. Som Miljøfyrtårn-sertifisert svarer vi ut mange av dei krava og forventningane bransjen har til miljøleiing og bærekraftsarbeid.
Menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
Våre kundar og samarbeidspartnarar skal vere trygge på at dører og andre byggevarer levert frå oss, er produsert på ein måte som sikrar grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.
Openheitslova skal fremje verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal også sikre at alle som ynskjer det, får tilgang til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.
Du kan kontakte oss dersom du har spørsmål om arbeidet Bygg 1 Produkter AS gjer knytt til berekraft, grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. I følgje openheitslova skal vi svare på skriftlege spørsmål innan tre veker.
Etiske retningslinjer Bygg 1 Produkter ASUtgreiing etter Openheitslova 2025



