Bygg1 Produkter AS - logo

Etikk og miljø

Bygg 1 Produkter AS skal ta eit aktivt samfunnsansvar og arbeider etter ein høg miljømessige og sosial standard med utgangspunkt i både nasjonale og internasjonale retningslinjer og konvensjonar. Vi er også sertifisert som Miljøfyrtårn!

Menneskerettar og anstendige arbeidsforhold
Våre kundar og samarbeidspartnarar skal vere trygge på at dører og andre byggevarer levert frå oss, er produsert på ein måte som sikrar grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Openheitslova skal fremje verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal også sikre at alle som ynskjer det, får tilgang til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Du kan kontakte oss dersom du har spørsmål om arbeidet Bygg 1 Produkter AS gjer knytt til berekraft, grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. I følgje openheitslova skal vi svare på skriftlege spørsmål innan tre veker.

Etiske retningslinjer Bygg 1 Produkter AS

Utgreiing etter Openheitslova

Klimaregnskap for Bygg 1 Produkter AS