Bygg1 Produkter AS - logo

 

Personvernerklæring Bygg 1 Produkter AS


Som ei ansvarleg verksemd, tek også vi i Bygg1 vernet om personopplysningane dine på alvor

Ansvarleg for handsaming av personopplysningar er Bygg 1 Produkter AS, og dei vert handsama etter norsk lovgjeving og innanfor EØS/EU.

 

Kvifor vi handsamar personopplysningar

Vi registrerer opplysningar som er nødvendig for å oppfylle våre plikter i høve til deg når du ber om informasjon, tilbod, bestiller eller reklamerer på varer og tenester frå oss.
Vi ønskjer også å sende deg produkt- og anna relevant informasjon etter å ha innhenta samtykke.  Slikt samtykke kan du når som helst endre eller trekke tilbake.

Vidare handsamar vi personopplysningar vi som arbeidsgjevar har plikt til.

 

Kva data vi handsamar, og kva dei blir brukt til

Vi lagrar kundeopplysningar som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse som du gir oss.  Opplysningane vert brukt for å levere deg informasjon, varer og tenester du ber om.
Om våre tilsette handsamar vi i tillegg opplysning om t.d. fødselsnummer, bankkontonummer, lønn, skatt og anna som vi må ha for å administrere lønn og oppfylle arbeidsgjevarrolla.

Berre i den grad det er nødvendig (t.d. for å levere varer/tenester) deler vi personopplysningar med våre leverandørar.  Vi utleverer elles ikkje opplysningane til uvedkomande tredjepart
eller andre, unnateke om vi som følgje av retts- eller lovpålegg må levere ut opplysningar om deg.

Brukar du kontaktskjemaet på bygg1.no, vert det sendt ein e-post til oss, og denne vert handsama saman med anna e-post.
Nettsida vår kan ha linkar til, eller ha innebygd innhald frå, andre nettsider (t.d. video, bilete, artiklar osv.). Dette innhaldet oppfører seg som om du hadde besøkt desse nettsidene direkte,
og kan difor samle opplysningar og eventuelt spore og koble handlingane dine med kontoinformasjonen din frå dei eksterne nettenestene.

Om informasjonskapslar på bygg1.no:  På nettsida kan det verte brukt informasjonskapslar for å hjelpe til med, og forbetre navigasjonen og brukaropplevinga.  Vi brukar ikkje desse til å identifisere deg som person.

 

Sikring og lagring av personopplysningar

Persondata vi handsamar, er sikra mot uautorisert tilgang, og sikringstiltaka er underlagt internkontroll.  Opplysningane vert lagra så lenge vi er pålagde, eller har sakleg grunn til det, og innanfor gjeldande lovverk.
Leverandørar som handsamar personopplysningar for oss, gjer det etter inngått datahandsamar-avtale.

 

Rett til innsyn, retting og sletting av opplysningar

Du har rett til innsyn i kva opplysningar vi har lagra om deg, og du kan be oss rette feil og manglar.
Du kan også be oss slette opplysningar, med unntak av enkelte opplysningar som ikkje kan slettast grunna  lovpålegg (t.d. i rekneskapslova).

 

Korleis kontakte oss

Dersom du har spørsmål, vil rette opplysningar, ønskjer innsyn eller sletting av personopplysningar kan du også kontakte oss på:

E-post: personvern@bygg1.no    Telefon: 70 04 24 90    Postadresse: Industrivegen 32, 6155 ØRSTA

Revidert 28/06-2018