Bygg 1 Produkter AS - logo

Transport

Bygg 1 Produkter AS sine sals- og leveringsvilkår fyljer standarden for kjøp av byggjevarer, NS 8409.
Med mindre noko anna er skriftleg avtalt.

Vår transportør er Bring. Ved bruk av omfattande distribusjons- og terminalnettverk, hentar og leverer dei våre sendingar til mottakarar over heile landet.

Sendingane vert leverte på dagtid mellom klokka 07:30 – 16:30, dersom anna ikkje er avtalt med transportør.
For alle leveransar gjeld transport fram til adressa på køyrbar veg, dersom anna ikkje er spesifisert. Ved levering til leilegheit, leverast varene så nært hovudinngangsdøra som distribusjonsbilen kan køyre.

Varene vert distribuerte med lastebil, utstyrt med hydraulisk lastelem og jekketralle. Dersom det er behov for truck eller andre maskinar ved levering, må mottakar stå for dette sjølve.

Ved mottak skal varene kontrollerast nøye. Synlege skadar på emballasje eller varer skal noterast på fraktbrevet før mottakar kvitterer. Dersom det skulle vise seg skjult transportskade ved utpakking, skal dette rapporterast omgåande. Dersom dette ikkje er følgt opp av mottakar utan ugrunna opphald, vert ikkje skaden erstatta av Bygg 1 Produkter AS eller transportør.

Transportselskapet leverer ikkje frå seg varer utan kvittering frå kunde eller stedfortredar. Mottakar er pliktig å ta imot og kvittere for sendinga.

Sjå våre sals- og leveransevilkår: Sals- og leveransevilkår