EO Frette 512

Eventyrlig oppussing - Frette

Sesong 12 av Eventyrlig oppussing startar på Frette i Etne, der Halvor Bakke og resten av gjengen tek turen til ei familiehytte med ei heilt spesiell plassering tett på Stordalsvatnet og omgitt av mektig vestlandsnatur.
Bygg 1 Bygg 1
Tid å lese: 4 min

Hytta har vore i familien i rundt 20 år og har gjennom mange år vore ein viktig samlingsstad. Her blir mykje av tida brukt ute, anten på fjelltur, ved vatnet eller saman rundt hytta. Men sjølv med den flotte plasseringa har familien kjent at uteområda ikkje har blitt utnytta så godt som dei kunne. Denne gongen blir derfor oppdraget langt meir enn ei tradisjonell innvendig oppussing.

Hyttelivet blir flytta ut

Eit viktig mål med prosjektet er å skape fleire gode uteplassar rundt hytta. Med ulike soner kan familien flytte seg etter sola, finne ly for vinden og bruke uteområda gjennom ein større del av dagen og året.

På ønskelista står mellom anna utekjøkken og badstue, samtidig som uteområda skal knytast tettare saman med hytta og dei flotte omgjevnadene. Resultatet er eit prosjekt der naturen ikkje berre dannar bakteppet, men blir ein viktig del av sjølve opplevinga av hytta.

Også innvendig får hytta eit løft. Stue og kjøkken blir fornya med eit lyst og varmt uttrykk, der naturlege materialar og rolege fargar bidreg til å skape ein heilskap mellom interiøret og landskapet utanfor. Kjøkkenet får mellom anna varme eikefrontar, noko som passar godt inn i den naturlege stilen som pregar prosjektet.

Bygg1 leverer døra

Samarbeidet med Eventyrlig oppussing held fram, og Bygg1 leverer dører til fleire av prosjekta denne sesongen.

Til prosjektet på Frette har vi levert Base 1 med glas i Klassisk kvit, NCS S 0500-N. Det enkle og tidlause uttrykket passar fint inn i den lyse og naturlege stilen på hytta, medan glasfeltet bidreg til å sleppe lyset vidare mellom romma.

Frette er første stopp i ein ny sesong med Eventyrlig oppussing, og for Bygg1 markerer det samtidig vår femte sesong på rad som leverandør til programmet.

 

Komplett vareliste kan du sjå her
Klikk her for å lese meir

Kontakt oss

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim