XL Bygg 2026

Årets leverandør i XL-BYGG!

Medlemmene i byggevarekjeda XL-BYGG har røysta fram Bygg1 som årets leverandør for sjuande år på rad i 2025! I tillegg var vi nominert i kjedene Byggtorget og Byggeriet.
Av: Kristian Ose Silseth Kristian Ose Silseth
Tid å lese: 2 min

Prisen vart overrekt onsdag 27. januar under banketten på XL-BYGG si årlege fagmesse på Lillestrøm. Medlemsbedriftene trekkjer spesielt fram logistikk, reklamasjonshandtering og service som våre største styrkar.

XL-BYGG er ein av Noregs største byggevarekjeder med butikkar over heile landet, som sel til både forbrukarmarknaden og proffmarknaden.


I tillegg vart vi torsdag 29. januar nominert som ein av topp tre hos byggevarekjedene Byggtorget og Byggeriet! 

Her nådde vi ikkje heilt opp, men det er uansett ein stor prestasjon å verte nominert.

Det er stor konkurranse mellom alle leverandørane av byggevarer som kjedene har. Og det er medlemane sjølve som nominerer den leverandøren dei tykkjer er best.

Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere oss, for å stå fram som attraktiv for marknaden. Godt samspel med kundane våre og kjeda sentralt, samt god logistikk og service er heilt avgjerande for å lykkast.
 

Ein stor takk!

Vi ønskjer å rette ein stor takk til alle som har stemt på oss og alle som jobbar saman med oss kvar dag, for å skape ei sterk og effektiv verdikjede. Dette motiverer til å fortsette å utvikle oss, levere produkt og service av høgaste kvalitet.

Vi gler oss til vidare samarbeid – alltid med kunden i fokus 🚪🤝

 

Sjå artikkel frå XL-BYGG HER

Kontakt oss

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim