Når du skal velje ei teknisk dør, kan det vere mange bokstavar og tal å halde styr på. Klassane fortel likevel noko heilt konkret om kva døra er testa og dokumentert for.
Her forklarer vi dei mest brukte uttrykka.
Kva betyr EI30 og EI60?
EI er ein europeisk klassifikasjon for brannmotstand.
E står for integritet.
Døra skal hindre at flammar og varme branngassar går gjennom konstruksjonen.
I står for isolasjon.
Døra skal avgrense temperaturauken på den sida av døra som ikkje er utsett for brann.
Talet viser kor lenge døra oppfyller klassifiseringa under standardisert branntesting.
Dermed betyr:
EI30: dokumentert brannmotstand i 30 minutt
EI60: dokumentert brannmotstand i 60 minutt
Det betyr ikkje at ei bygning automatisk er trygg i 30 eller 60 minutt. Klassifiseringa gjeld døra som ein del av ei bestemt og dokumentert løysing.
Du kan også møte nemningar som EI₂30 og EI₂60. Talet “₂” viser til ein streng testmetode der temperaturen blir målt på fleire punkt på den ueksponerte sida av døra. Dette sikrar jamn temperaturkontroll og reduserer risiko for varmegjennomgang som kan antenne materiale
Heile dørelementet tel
På ei klassifisert dør er det ikkje berre dørbladet som er testa.
Karm, terskel, pakningar, hengsler, lås, beslag og andre komponentar kan vere ein del av godkjenninga.
Derfor kan ein ikkje utan vidare:
- fjerne terskel
- bore nye hol
- montere glas
- endre beslag
- montere dørlukkar eller automatikk
utan først å kontrollere at løysinga er godkjend for den aktuelle døra.
Ei brannklassifisering gjeld det dokumenterte dørelementet.
Kva betyr Rw?
Rw er eit mål i desibel (dB) og ein test på kor godt ei dør stenger ute lyd - dess høgare, dess betre demping.
Delast inn i feltmålt lydreduksjon R’w og laboratoriemålt lydreduksjon Rw.
Laboratoriemålt verdi Rw ligger om lag 10% over feltmålt verdi R’w.
Grunnen er at laboratoriemålt verdi er målt under perfekte forhold, og slike forholdet er det ikkje i miljøet døra skal stå i. Eit typisk døme er at det er krav om Rw38dB eller 35dB, men det er faktisk same krav.
Feltmålt verdi R’w blir ofte brukt utan nevning foran, kun desibelverdien.
Små endringar i dB kan gi ein merkbar forskjell i opplevd lyd. I tillegg vil tilstrekkeleg tetting mellom karm og vegg, korrekt utført montering og rett press frå tettelister på dørblad spele inn.
Kva er forskjellen mellom Rw og lydklasse 25, 30, 35 og 40 dB?
Tidlegare vart lyddører ofte klassifiserte i faste lydklassar, til dømes 25, 30, 35 og 40 dB.
Desse klassane bygde på bestemte minstekrav til laboratoriemålt Rw-verdi.
Det betyr at fleire ulike Rw-verdiar kan høyre til same lydklasse.
Typiske nivå er:

Sjølvlukkande klasse C:
Betyr at dør skal vere sjølvlukkande, altså montert ei dørpumpe.
Nokon tilfeller stillast det krav til antall opne-/lukkesykluser, då setjast det opp C1 - C5 som er klassifisering der 5 er strengaste.
Terskelen er spesielt viktig for lyd
Lyd finn vegen gjennom dei minste opningane.
Ei godt isolert dør kan derfor miste mykje av effekten dersom det er:
- stor spalte under døra
- feil terskel
- mangelfull tetting mellom karm og vegg
- feilmonterte pakningar
På ei klassifisert lyddør er terskel og pakning ein viktig del av konstruksjonen.
Røykgasstett klasse Sa/S200
Dette betyr døra skal vere røykgasstett, du kan kan sjå at flesteparten av branndørene våre har den merkinga.
Røygasstetthet S er døra si evne til å redusere røykgass- eller røyklekkasje frå eine sida av døra til den andre.
Klasse Sa er røyktett ved romtemperatur 20° og ein trykkforskjell på 25 Pa, og S200 er røyktett ved 200° og ein trykkforskjell 50 Pa.
Treng du branndør mellom garasje og bustad?
Dette er eit spørsmål vi ofte får.
Kravet avheng mellom anna av:
- storleiken på garasjen
- om garasjen og bustaden er same brukseining
- kva type rom døra fører til
- korleis brannskiljet er bygd opp
TEK17 har eigne føresegner for skiljet mellom garasje og andre delar av bygget.
Bygg1 har produkta, men kan ikkje seie noko om produktet støttar kravet som gjeld ditt bygg. Ved tvil skal kravet avklarast mot prosjekterande eller ansvarleg fagperson før døra blir bestilt.
Kontakt oss
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.
Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90
Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway
