Tryggleik og fleksibilitet for moderne dører

Smartlås

Smartlås har blitt eit stadig meir populært val for både bustader og næringsbygg. Med smartlås får du nøkkelfri tilgang, betre kontroll over kven som har tilgang samt moglegheit for integrasjon mot smarthusløysingar. Bygg1 tilbyr eit utval kvalitetssikra smartlåsar frå anerkjende leverandørar, tilpassa nordiske forhold og norske dører.

Yale Linus L2 01

Kva kan vi tilby?

Vi tilbyr eit utval smartlåser frå den anerkjende Yale-familien - løysingar som er godt testa, driftssikre og tilpassa nordiske forhold. Låsene held høg kvalitet og er utvikla for trygg og enkel kvardagsbruk. For ein enda meir effektiv byggeprosess kan vi levere ytterdører med smartlås ferdig montert, slik at ein slepp montering på byggeplass og sparer både tid og arbeid.

Hos oss finn du desse produkta:

Yale Linus L2

Ein fleksibel og diskret smartlås som monterast på innsida av døra, og brukar eksisterande låskasse, sluttstykke og sylinder på utsida.

  • Kan styrast via mobilapp (Bluetooth / Wi-Fi)
  • Automatisk opplåsing når du kjem heim
  • Innebygd Wi-Fi bridge
  • Oppladbart batteri
  • Beheld vanleg nøkkel som backup
  • Passar godt der ein ønskjer smartfunksjon utan å endre utsjånad på døra
  • Kan kombinerast med andre Yale-produkt

Yale Durus

Ein robust og moderne smartlås utvikla for nordiske forhold.

  • Kan styrast via mobilapp (Bluetooth / Wi-Fi* med Wi-Fi bridge)
  • Automatisk opplåsing når du kjem heim
  • Fullt integrert i dørbladet – ingen synlege komponentar på utsida eller innsida.
  • Beheld vanleg nøkkel som backup
  • Kan kombinerast med andre Yale-produkt

Yale Doorman Classic

Ein velprøvd og mykje brukt smartlås i norske heimar.

  • Nøkkelfri lås med kode og/eller brikke
  • Driftssikker og enkel i bruk
  • God løysing for familiar og fritidsbustader
  • Enkel administrasjon av brukarar og koder ved tilkobling av Bluetooth / Wi-Fi* med Wi-Fi bridge
  • Kan kombinerast med andre Yale-produkt

Yale Doorman L3S

Ein vidareutvikla og meir avansert versjon av Doorman-serien.

  • Kan opnast med kode, brikke, mobil og fjernstyring
  • Moglegheit for integrasjon mot smarthusløysingar
  • Betre oversikt og kontroll via app
  • Moderne design og høg sikkerheitsstandard
  • Kan kombinerast med andre Yale-produkt

I tillegg til Yale-produkta fører vi også:

ID LOCK 202 Multi

Ein allsidig og stilrein smartlås tilpassa nordisk klima.

  • Opning med kode
  • God batterilevetid og høg driftstryggleik
  • Passar godt til både moderne og tradisjonelle ytterdører
  • Støtte for smarthusintegrasjon i kombinasjon med ekstrautstyr

For endå meir fleksibilitet tilbyr vi også tilbehør til Yale smartlåser:

  • Kodetastatur - praktisk for gjester, barn og evt. andre som skal inn i huset
  • Wi-Fi bridge - gjer det mogleg å styre låsen når du er vekkreist via Wi-Fi
  • Yale Dot - lås opp med et enkelt trykk via NFC
  • Nøkkelbrikker - enkelt å tilpasse ulike behov

 

Kva bør du vurdere før val av smartlås?

Når du skal velje smartlås, er det viktig å ta omsyn til dørtype, bruksområde og krav til funksjonalitet.

Vi hjelper deg gjerne med rettleiing slik at du får ei løysing som fungerer optimalt - både teknisk og i dagleg bruk.

Finn du ikkje det du leita etter?

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim