Det er stor stas for oss å bli kåra til Årets leverandør i Snekker’n!
Snekker’n Norge er ei fagkjede som har butikkar over hele landet, med over 100 års erfaring i bransjen.
I grunngivinga frå Snekker’n blir det spesielt framheva at vi har bidrege til kjeda si suksess gjennom presise leveransar, høg kompetanse og pålitelegheit!
Prisen er ei stor anerkjenning av arbeidet vårt med kvalitet, service og pålitelege leveransar.
Eit godt samspel mellom leverandør, kjede og forhandlar er avgjerande for å lykkast, og vi set stor pris på det nære samarbeidet.
Vi vil rette ei stor takk til Snekker’n sine medlemmer som gjev oss tillit og moglegheita til å levere kvalitet kvar dag. Denne utmerkinga motiverer oss til å fortsette med å utvikle oss, alltid med kunden i fokus.
Vi gler oss til vidare samarbeid og fleire spanande prosjekt i framtida!