Bygg1 Produkter AS - logo

Årets leverandør hos XL-BYGG og nominert hos Byggtorget!

Medlemmene i byggevarekjeda XL-BYGG har røysta fram Bygg1 som årets leverandør for andre år på rad i 2019!

Prisen vart overrekt onsdag 29. januar under banketten på XL-BYGG si årlege fagmesse, som vert arrangert på Lillestrøm. Følgande kriterier er lagt til grunn:

  • Stor leveringsdyktigheit
  • Fagleg sterk
  • Gode produkt
  • Rask og smidig på reklamasjonar
  • Ikkje minst, dyktige medarbeidarar

XL-BYGG er Skandinavias største byggevarekjede med butikkar i Norge, Sverige og Danmark. I Norge er det over 90 butikkar. XL-BYGG er ein del av Mestergruppen AS, som er Norges leiande aktør innan byggevarehandel og kjededrift for boligentreprenørar i Norge.

Vi i Bygg1 set stor pris på utmerkinga!

Dette er tredje gong Bygg1 har vunne denne kåringa i XL-BYGG! Tidlegare pris vart motteke i 2011 og 2018. Vi har i tillegg vore nominert som topp tre heile fem gongar.

I tillegg vart vi laurdag 1. februar nominert som ein av topp tre hos byggevarekjeda Byggtorget! Her nådde vi ikkje heilt opp, men det er uansett ein stor prestasjon å verte nominert.

Det er stor konkurranse mellom dei opp mot alle leverandørane av byggevarer som kjeda har. Og det er medlemane sjølve som nominerer den leverandøren dei tykkjer er best. Det er kjekt at vi hevdar oss så godt, i konkurranse med meir kjende og store merkevarer.

Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden. Godt samspel med kundane våre og kjeda sentralt, samt god logistikk og service er heilt avgjerande for å lykkast.

Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe hardt for å halde vår posisjon vidare!

Sjå også artikkel i Møre-Nytt og på www.bygg.no