Bygg1 Produkter AS - logo

Årets leverandør i XL-BYGG!

Medlemmene i byggevarekjeda XL-BYGG har røysta fram Bygg 1 Produkter AS som årets leverandør i 2018!

Prisen vart overrekt onsdag 30. januar under banketten på XL-BYGG si årlege fagmesse, som vert arrangert på Hamar. I grunngjevinga står det:

  • Stor leveringsdyktigheit
  • Fagleg sterk
  • Gode produkt
  • Rask og smidig på reklamasjonar
  • Ikkje minst, dyktige medarbeidarar

XL-BYGG er Skandinavias største byggevarekjede med 340 butikker i Norge, Sverige og Danmark. I Norge er det over 90 butikkar. XL-BYGG er ein del av Mestergruppen AS, som er Norges leiande aktør innan byggevarehandel og kjededrift for boligentreprenørar i Norge.

Vi i Bygg1 set stor pris på utmerkinga!
Dette er andre gong Bygg1 har vunne denne kåringa i XL-BYGG! Tidlegare pris vart motteke i 2011. Men vi har sidan den gong vore nominert som topp tre heile fem gongar, utan å nå heilt opp.

Det er stor konkurranse mellom dei opp mot 100 leverandørane av byggevarer som kjeda har. Og det er medlemane sjølve som nominerer den leverandøren dei tykkjer er best. Det er kjekt at vi hevdar oss så godt, i konkurranse med meir kjende og store merkevarer.

Byggevarebransjen er stadig i endring og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret, for å stå fram som attraktiv for marknaden.
Godt samspel med kundane våre og kjeda sentralt, samt god logistikk og service er heilt avgjerande for å lykkast.

Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta og vi kjem til å jobbe vidare med å utvikle god service i alle ledd.