Etikk, miljø og berekraft

Hos Bygg1 kombinerer vi kvalitet og ansvar. Våre dører blir til med omsyn til både miljø og lang levetid – med nøye valde material og berekraftige metodar.

Fjell miljoe 1600px
Etikk, miljø og berekraft

Gode produktval krev god informasjon. Hos Bygg1 finn du dokumentasjon om dørene våre og informasjon om korleis vi arbeider med miljøleiing, sporbarheit og oppfølging av leverandørar.

Som importør og grossist samarbeider vi tett med produsentar og leverandørar for å sikre god produktinformasjon og relevant dokumentasjon. Miljøeigenskapar og sertifiseringar varierer frå produkt til produkt. Difor er dokumentasjonen for den aktuelle modellen og utføringa det beste grunnlaget når du skal vurdere ei dør til prosjektet ditt.

FNs berekraftsmål - våre satsingsområde

Vi har valt ut fire av FNs berekraftsmål som vi arbeider særleg aktivt med:

Mål 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn

Målet er å redusere den negative påverknaden byar og lokalsamfunn har på miljøet, mellom anna gjennom betre luftkvalitet og meir berekraftig avfallshandtering. Bygg1 arbeider for å redusere sitt eige klimafotavtrykk gjennom bevisste og berekraftige val i heile verksemda.

Mål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon

Dette handlar om å redusere avfall gjennom førebygging, materialattvinning og ombruk. Vi legg stor vekt på kvalitet og sørgjer for god tilgang til reservedelar og vedlikehaldsprodukt, slik at produkta våre kan få ei lengst mogleg levetid.

Mål 15: Livet på land

Som PEFC-sertifisert verksemd bidreg vi til berekraftig skogsdrift og ivaretaking av viktige naturområde. Sertifiseringa stiller krav til alle ledd i verdikjeda og sikrar sporbarheit heilt tilbake til skogeigaren. Dette gir mellom anna sterkare vern av sjeldne og truga artar. PEFC-sertifisert skog blir forvalta etter strenge miljømessige, sosiale og økonomiske kriterium.

Mål 17: Samarbeid for å nå måla

For å skape reell miljøeffekt må heile verdikjeda arbeide i same retning. Vi samarbeider derfor tett med produsentar, transportselskap og kundar. Som Miljøfyrtårn-sertifisert bedrift oppfyller vi mange av dei forventningane og krava som blir stilte til systematisk miljøleiing og berekraftsarbeid.

 

Miljødokumentasjon for dørene våre

Materialval, produksjon, transport, bruk og avfallshandtering påverkar miljøfotavtrykket til ei dør. På produktsidene våre finn du tilgjengeleg dokumentasjon som gjer det enklare å vurdere eigenskapane som er relevante for prosjektet ditt.

For produkt som har miljødeklarasjon (EPD), finn du dokumentasjonen under «Miljø og sertifiseringar».

 

Kva er ein EPD?

Ein EPD (Environmental Product Declaration) er ei standardisert og tredjepartsverifisert miljødeklarasjon som dokumenterer miljøpåverknaden frå eit produkt gjennom heile eller delar av livsløpet. Deklarasjonen byggjer på ein livsløpsanalyse og viser mellom anna klimagassutslepp, energibruk og ressursforbruk.

EPD-ar kan nyttast i miljøvurderingar og klimagassrekneskap for bygg. Ved samanlikning av produkt er det viktig å sikre at funksjon, eining, berekningsmetode og livsløpsfasar er samanliknbare.

Ta gjerne kontakt dersom du treng hjelp til å finne dokumentasjon for ein bestemt modell eller leveranse.

 

PEFC - sporbarheit for trebaserte produkt

Bygg1 Produkter AS er PEFC-sporbarheitssertifisert. Sertifiseringa omfattar rutinar for innkjøp, handtering og sal av trebaserte produkt med PEFC-påstand.

For leveransar som er omfatta av ordninga, følgjer PEFC-informasjonen produktet gjennom heile den sertifiserte leverandørkjeda. Kva produkt som kan leverast med PEFC-sertifisering, må avklarast for kvar enkelt bestilling.

Treng prosjektet ditt PEFC-dokumentasjon? Gi oss beskjed ved førespurnad eller bestilling.

 

Miljøfyrtårn – systematisk miljøleiing

Bygg1 har vore Miljøfyrtårn-sertifisert sidan 2020. Sertifiseringa omfattar miljøleiinga i verksemda og gir oss eit strukturert rammeverk for kontinuerleg miljøforbetring.

Klimarekneskapen gir oversikt over dei utsleppa som er omfatta av rapporteringa, og er eit viktig verktøy for å identifisere tiltak og følgje utviklinga over tid. Avgrensingar og berekningsgrunnlag går fram av rapporten.

 

Montering, vedlikehald og reservedelar

Rett montering, bruk og vedlikehald er avgjerande for korleis ei dør fungerer over tid. Derfor gjer vi monteringsrettleiingar og vedlikehaldsråd lett tilgjengelege både på nettsidene våre og i produktdokumentasjonen.

Dersom du treng reservedelar eller vedlikehaldsprodukt, hjelper vi deg gjerne med å finne løysingar som passar den aktuelle døra.

 

Emballasje og returordningar

Bygg1 er medlem i Grønt Punkt Norge og deltek i Ruteretur.

Gjennom medlemskapet i Grønt Punkt Norge tek vi vår del av produsentansvaret for emballasje. Via Ruteretur bidreg vi til innsamling og forsvarleg handtering av PCB-haldige isolerglasruter.

Ved utskifting av eldre dører og glas må avfallet handterast i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom du er usikker på innhaldet i ei eldre isolerglasrute, bør du kontakte avfallsmottaket før levering.

 

Etikk og oppfølging av leverandørar

Dei etiske retningslinjene våre beskriv forventningane vi stiller både til eiga verksemd og til samarbeidspartnarane våre.

Gjennom arbeidet med openheitslova vurderer vi risikoen for brot på grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i leverandørkjeda. Vår årlege utgreiing skildrar arbeidet, vurderingane og tiltaka nærare.

Har du spørsmål om korleis Bygg1 arbeider med desse temaområda, kan du kontakte oss på post@bygg1.no

 

Open og etterprøvbar informasjon

Bygg1 har signert Grønnvaskingsplakaten og legg prinsippa i plakaten til grunn for korleis vi kommuniserer om miljø og samfunnsansvar.

Miljøpåstandar og miljødata skal vere konkrete, relevante og knytte til det dei faktisk gjeld, enten det er verksemda, ei leveranse, eit produkt eller ein spesifikk produkteigenskap. Når vi presenterer miljødata, skal dokumentasjonen gjere det mogleg å forstå både grunnlaget for opplysningane og eventuelle avgrensingar.

 

Rettferd og ansvar i verdikjeda

Kundar og samarbeidspartnarar skal kunne stole på at dørene våre er produsert med respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Dette gjeld heile verdikjeda - frå råvare til ferdig produkt.

For å sikre openheit og truverde i dette arbeidet, er vi også stolte medlemar av ordningar som:

  • Grøn Energi
  • Bring som transportør
  • Svanemerket

Vi ønskjer å vere ein pådrivar for ansvarleg utvikling - og bidra til reelle, positive endringar i bransjen.

Dokument og rapportar om ansvar og berekraft

Spørsmål om dokumentasjon?

Vi hjelper deg med å finne produktinformasjon, miljødeklarasjonar og dokumentasjon til prosjektet ditt.
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim