Reklamasjonsrett og garanti
Bygg 1 Produkter AS sine sals- og leveringsvilkår følgjer standarden for kjøp av byggjevarer, NS 8409 med mindre noko anna er skriftleg avtalt.
Elles gjeld forbrukarkjøpslova. Ta vare på kvitteringa eller fakturaen som dokumentasjon på kjøpet ved ein eventuell reklamasjonssak.
Reklamasjonar skal meldast til forhandlar der vara er kjøpt. Reklamasjonsskjema
Våre produkt vert selde med 5 års reklamasjonsrett ved feil eller manglar. Retten gjeld frå den dato produktet er overtatt.
I tillegg har dei eksklusive ytterdørene 12 år garanti på formstabilitet på modellane Fjell og Fjord.
Dersom ein finn feil eller manglar før montering, skal ein ikkje montere eller ta i bruk produktet.
Er produktet montert og tatt i bruk, vert dette å rekne som at produktets utføring og overflate er akseptert. Ved endring av produktets eigenskap, fell reklamasjonsretten vekk.
Mørke fargar er krevjande og ein må rekne med meir vedlikehald.
Unngå mørke fargar om døra får mykje direkte sollys. Det er også lettare å få synlege skadar og skraper og ein må rekne med flikking/overmaling på byggeplass. Flikkmaling sendast med.
Grensa for planavvik på dørblad er 4mm, målt på døra si langside. Det er ikkje grunnlag for reklamasjon dersom avviket er mindre enn dette.
Reklamasjonsrett og garanti gjeld under følgande føresetnad: Produkta skal handterast, lagrast, monterast og vedlikehaldast etter våre monteringsrettleiingar og vedlikehaldsråd.
Sjå elles våre sals- og leveringsvilkår og annan teknisk dokumentasjon.
Fargenyansen på bilde av dører i brosjyren kan avvike noko i forhold til det verkelege produkt.
Vi tek atterhald om trykkfeil på web og i våre katalogar.