EO Førde 348

Eventyrlig oppussing - Naustdal

I episode tre av Eventyrlig oppussing går turen til Naustdal, nær Førde. Denne gongen er det ikkje ei tradisjonell hytte som står for tur, men ein gammal låve med mykje historie i veggane - og eit stort potensial.
Bygg 1 Bygg 1
Tid å lese: 5 min

Eigedomen har vore i familien i 26 år, og det var niesa til eigarane som søkte Eventyrlig oppussing på vegner av familien. Ønsket var å gi den gamle, slitne låven nytt liv og skape ein stad der heile storfamilien kunne samlast. Gjengen fekk seks dagar på seg til å gjennomføre den omfattande forvandlinga.

Historia får vere med vidare

Eit viktig utgangspunkt for prosjektet var å ta vare på særpreget og historia til den gamle låven. I staden for å skjule dei gamle konstruksjonane blir fleire av dei eksisterande elementa framheva og ein del av det nye uttrykket.

Det store hovudrommet blir gjort om til ein romsleg spisestove med imponerande takhøgd. Dei gamle takbjelkane får spele ei sentral rolle, medan eit stort vindauge i endeveggen opnar rommet mot fjord- og fjellandskapet utanfor. Dagslyset og utsikta blir dermed ein viktig del av interiøret. 

Også gammalt treverk som låg lagra i låven får nytt liv. Rune bruker materialet til å lage eit stort, rustikt spisebord som blir ein detalj som passar godt inn i ønsket om å kombinere det gamle med det nye. 

Glas i golvet og nytt liv i kjellaren

Ein av dei meir spesielle løysingane i prosjektet finn vi midt i spisestova. Her blir det sett inn eit glasfelt i golvet som gir innsyn til den gamle steinkjellaren under. Løysinga bind dei to etasjane saman og slepper samtidig meir dagslys ned i kjellaren.

Den gamle grunnmuren i kjellaren blir bevart og framheva med lyssetting, og rommet blir gjort om til ein lun opphaldsplass. Også andre delar av låven får nye funksjonar, mellom anna ei loungeavdeling i etasjen over spisestova og toalett og garderobe i det som tidlegare var hønsehuset.

Resultatet er ein låve som har fått ein heilt ny funksjon, samtidig som mykje av historia og karakteren i det gamle bygget framleis er godt synleg.

Dører frå Bygg1 i dempa svart

Til prosjektet i Naustdal leverte vi både ytterdør og innerdør i Dempa svart, NCS S 8500-N.

Ytterdøra er vår Bodø innadslåande, medan det innvendig er brukt Ida Kompakt med tilhøyrande karmsett. Den mørke fargen passar godt saman med dei markerte, mørke detaljane i låven og blir ein naturleg del av det rustikke uttrykket i prosjektet.

Frå ein sliten låve til ein ny samlingsstad for familien - prosjektet i Naustdal viser kor mykje som kan skapast når ein tek vare på historia i eit bygg, samtidig som det blir tilpassa nye behov.

 

Episode 3 av Eventyrlig oppussing sesong 12 kan sjåast på Viaplay.
 

Komplett vareliste kan du sjå her:
Klikk her for å lese meir

Kontakt oss

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim