Eventyrlig Tustna 370

Eventyrlig oppussing - Tustna

I episode fire av Eventyrlig oppussing går turen til Tustna på Nordmøre. Mellom fjell og fjord ligg ei hytte som eigarane verkeleg har valt å prioritere - og som har blitt ein viktig samlingsstad for både barn og barnebarn.
Bygg 1 Bygg 1
Tid å lese: 5 min

Hyttedraumen stod så sterkt at paret valde å selje huset sitt og flytte i leilegheit for å kunne realisere ønsket om ein eigen fritidsstad. Med rundt 140 døgn på hytta i året er det ingen tvil om at Tustna har blitt ein stad familien bruker mykje. Men sjølv med ei fantastisk plassering var det fleire ting ved hytta som ikkje fungerte optimalt.

Frå mange små rom til ein meir open hytte

Før Halvor, Rune og Isak sette i gang, var hytta prega av mange gangar, dører og ein lite funksjonell hems. Målet vart derfor å skape betre samanheng mellom romma og gjere hytta både lunare og meir funksjonell.

Eit av dei største grepa blir gjort i stova, der hemsen blir fjerna. Det gir rommet større takhøgd og eit langt opnare uttrykk. Samtidig blir delar av romløysinga endra for å skape plass til mellom anna ein plassbygd sittebenk og for å utnytte både lys og utsikt på ein betre måte.

Kjøkkenet får også ei omfattande oppgradering. Her blir det valt eit lyst og klassisk uttrykk med kjøkken i Klassisk kvit, kombinert med benkeplate og detaljar i røykt eik. Kontrastane mellom dei lyse flatene og det mørkare treverket går igjen gjennom store delar av prosjektet.

Fleire dørløysingar frå Bygg1

Bygg1 leverer dører til alle prosjekta i denne sesongen av Eventyrlig oppussing, og på Tustna vart det brukt fleire ulike løysingar frå sortimentet vårt.

Her har vi levert Sletten Kompakt, Stil1 Glas og ei spesialtilpassa skråskjært Sletten Kompakt. Alle dørene er leverte i Klassisk kvit, NCS S 0500-N, med karmsett i same farge.

Den skråskjærte Sletten-døra viser korleis vi kan finne gode løysingar når standardmål ikkje strekk til. Døra er spesialtilpassa i vår eigen verkstad, der møbelsnikkaren vår kan tilpasse både mål, form og skråskjering etter prosjektet. På Tustna gav dette ei dørløysing som utnyttar rommet på ein god måte og samtidig passar naturleg inn i resten av interiøret. 

Les meir om skreddarsaum her

Stil-døra med glas slepp lyset vidare mellom romma, medan dei tette Sletten-dørene bidreg til eit roleg og heilskapleg uttrykk.

Etter seks dagar med store endringar har familien fått ei hytte som fungerer betre til måten dei faktisk brukar ho på. Ho har fått meir opne rom, betre løysingar og ein tydeleg stil som går igjen gjennom heile hytta.

Episode 4 av Eventyrlig oppussing sesong 12 kan sjåast på Viaplay.

Komplett vareliste kan du sjå her:
Klikk her for å lese meir

Kontakt oss

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim