EO Vardefjell 400

Eventyrlig oppussing - Vardefjell

I episode 6 av Eventyrlig oppussing går turen til Vardefjell. Her møter Halvor og resten av gjengen ei familie som har hatt hytta i ti år, men som aldri heilt har funne den gode planløysinga. No er det tid for å sjå på hytta med nye auge og skape rom som fungerer betre for familien.
Bygg 1 Bygg 1
Tid å lese: 3 min

Denne gongen handlar forvandlinga ikkje berre om nye fargar og overflater. Planløysinga står sentralt, samtidig som teamet hentar inspirasjon frå tradisjonell norsk byggjeskikk. Isak ser mellom anna til gamle stavkyrkjer og lokale byggetradisjonar når nye detaljar og løysingar skal finne sin plass i hytta.

Base 3 i spesialfargen Kalk

Bygg1 leverer dører til alle prosjekta i sesong 12 av Eventyrlig oppussing, og på Vardefjell er det Base 3 innerdører som er valde.

Dørene og karmsetta er ferdigmala i spesialfargen Jotun 10341 Kalk, slik at dei går ton-i-ton med fleire av dei andre detaljane i hytta.

Base 3 har eit minimalistisk uttrykk som passar godt til prosjektet på Vardefjell. Når både dørblad, karmar og andre detaljar blir sette saman innanfor den same fargepaletten, blir dørene ein naturleg del av heilskapen i staden for eit enkeltståande element.

For oss er dette også eit fint eksempel på moglegheitene som ligg i å velje spesialfarge på dørene. Ein treng ikkje alltid å velje standard kvit, men gi muligheit for at dørene kan tilpassast resten av interiøret og bidra til å skape eit meir gjennomført uttrykk.

Ei hytte tilpassa familien

Etter ti år med ei planløysing som aldri heilt har fungert, får familien på Vardefjell ei hytte som er betre tilpassa måten dei ønskjer å bruke henne på.

Samtidig viser prosjektet korleis tradisjonell norsk byggjeskikk kan vere ei kjelde til inspirasjon også i ei moderne hytte. Med treverk, lune fargar, gjennomtenkte detaljar og ei ny planløysing får hytta eit uttrykk som kjennest både nytt og godt forankra i norske hyttetradisjonar.

Kontakt oss

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim