Klart, skjerma eller noko midt imellom?
Kva glas du bør velje, kjem først og fremst an på kvar døra skal stå og kor mykje innsyn du ønskjer.
Klart glas gir maksimalt med lys og eit ope og luftig uttrykk. Det passar godt der ein ønskjer visuell kontakt mellom rom, eller der utsikta utanfor gjerne skal vere ein del av opplevinga.
Cotswold glas har ein tydeleg struktur som slepp inn mykje lys, samtidig som det reduserer innsynet. Det dekorative glaset gir døra eit meir markert uttrykk.
Sota glas gir eit mørkare og meir eksklusivt preg. Glaset dempar både lys og innsyn og passar særleg godt til moderne dører og interiør.
Crepi glas har ei strukturert overflate som skjermer godt mot direkte innsyn, samtidig som dagslyset får sleppe gjennom. Eit godt val der ein ønskjer både lys og privatliv.
Frosta glas gir eit roleg og diskret uttrykk. Det spreier lyset mjukt og skjermer godt mot innsyn, og passar derfor godt til mellom anna gang, bad og andre område der ein ønskjer meir privatliv.
Rilla glas har karakteristiske vertikale linjer som gir eit moderne og dekorativt uttrykk. Strukturen skjermer noko for innsyn, men tek samtidig vare på mykje av lysinnsleppet.

Glas i innerdører
Glasdører mellom rom er ein effektiv måte å få dagslyset lenger inn i bustaden på. Dei kan også få små eller mørke rom til å verke lysare og meir opne.
Mellom stue, kjøkken og gang kan klart glas vere eit naturleg val dersom ein ønskjer eit ope uttrykk. Til soverom, kontor eller andre rom der ein ønskjer meir skjerming, kan frosta, Crepi, Cotswold eller Rilla vere gode alternativ.
Glaset blir samtidig ein viktig del av designet på døra. Ved å velje ein annan glastype kan den same dørmodellen få eit heilt anna uttrykk.

Glas i ytterdører og sidefelt
På ytterdøra spelar glaset både ei estetisk og praktisk rolle. Glasfelt kan gi meir dagslys i gangen og gjere inngangspartiet meir ope og inviterande.
Kor mykje innsyn ein ønskjer, varierer. Klart glas passar godt der utsyn og maksimalt lys er viktig, medan strukturert eller frosta glas gir meir skjerming. Sota glas kan vere eit godt alternativ når ein ønskjer eit mørkare og meir moderne uttrykk.
Ytterdør Lier, Sande og sidefelt SLP1 og S-1 har laminert + herda glas.

Tenk på både lys og innsyn
Ein enkel måte å velje glas på er å spørje seg:
- Vil eg ha mest mogleg lys? Vel klart glas.
- Vil eg ha lys, men mindre innsyn? Sjå på Cotswold, Crepi, Frosta eller Rilla.
- Vil eg ha eit mørkare og meir markert uttrykk? Sota glas kan vere eit godt val.
- Er designet viktigast? Rilla og Cotswold gir glasflata meir karakter og kan bli ein tydeleg del av døra sitt uttrykk.
Glas i ytterdører som skal monterast i høgda
Ved montering av ytterdører i høgareliggande område må ein også ta omsyn til trykkforskjellar i isolerglaset.
For dører som skal monterast over 700 meter over havet, skal monteringshøgd og årsmiddeltemperatur oppgivast ved bestilling. Glaset blir då vurdert og eventuelt trykkutjamna eller tilpassa den aktuelle monteringshøgda.
Usikker på kva glas du skal velje?
Ulike glastypar kan gi den same døra svært forskjellige eigenskapar og uttrykk. Ta kontakt med din lokale Bygg1-forhandlar dersom du ønskjer hjelp til å finne kombinasjonen av dør og glas som passar best til bustaden din.
Kontakt oss
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.
Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90
Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway
